1870-åra1870-talet byrja med Den fransk-tyske krigen, som enda gjennom Frankfurtfreden den 10. mai 1871, der Frankrike avstod frå Alsace/Elsass. Også i 1871 blei kong Vilhelm I av Preussen utropt til keisar av Det tyske keisardømet. Deretter følgde ein periode med fred og stabilitet i Europa og i USA, der borgarkrigen hadde enda i 1865. For USA blir perioden kalla rekonstruksjonstida. Men Den lange depresjonen med ei rekkje bankkriser fann også stad i dette tiåret. 1870-talet var kjenneteikna av store tekniske oppfinningar og framsteg. Verdsutstillinga i 1873 i Wien var den største verda hadde sett, men blei snart overgått av Centennial Exposition i Philadelphia i 1876. Nyvinningar som telefonen (1876), fonografen (1877) og glødelampen (1879) blei funne opp i dette tiåret, sjølv om dei først fekk kommersielle gjennombrot på 1880-talet. Hendingar
Kultur
Personar
Fødde
Døde
KjelderFotnoter
BakgrunnsstoffInformation related to 1870-åra |