7 Days and a Miracle
7 Days and a Miracle er ei norsk kristen pop/rock-gruppe frå Toten som starta opp i 1994.[1] HistorieGruppa starta opp under namnet Expect a Miracle med medlemmene Knut Anders Sørum (vokal), Lewi Bergrud (vokal, gitar) og Geir Holten (slagverk). Dei debuterte med EP-en Follow You i 1996,[2] og følgde opp med studioplata Open Mind i 1999.[3] Både stilen og namnet deira endra seg noko til oppfylgjaralbumet Approach You frå 2003. Dette gav dei ut under bandnamnet Expect.[4] Etter dette forlét vokalist Knut Anders Sørum bandet for å satsa meir på soloprosjekt. Eitt av desse vart å representera Noreg i Eurovision Song Contest 2004 med låta High.[5] Dei gjenverande bandmedlemmene gjekk etter dette saman med Ronny Ødegård og Knut Bjørnar Asphol og danna 7 Days and a Miracle.[6] Plata med same namnet vart utgjeven på Master Music i 2006. Ein restaurert versjon av same plata kom i 2010.[7] Diskografi
Referansar
|