A (a) er den fyrste bokstaven i det latinske, eigentleg romerske, og i det kyrilliske alfabetet.
Det er òg første bokstaven i det greske alfabetet (A, α) som ligg til grunn for det latinske, og i det fønikiske som det greske stammer frå. I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit kuhovud med horn. I semittiske språk viser bokstaven til ein ustemt strupelyd som dannast ved at stemmebanda vert pressa saman og så blir sprengt frå kvarandre. Bokstaven heiter 'alif på arabisk og 'alef på hebraisk (' syner til strupelyden). På gresk heiter han alfa. Gresk har ikkje noko slik strupelyd, og der fekk teiknet lydverdien a. Dei semittiske alfabeta har ingen teikn for vokalar. I dei eldste greske innskriftene er teikne ein liggande A. Etruskarane tok opp det greske alfabetet og kalla bokstaven a. Frå dei kjem bokstaven og namnet til romarane, og frå dei gjennom fleire mellomledd til oss.
I den eldre runerekka var han det 4., i den yngre det 10., teiknet. A viser på norsk den mest opne av vokalane. Bokstaven A vert nytta i mange teikn- og forkortingssystem.
på eit ur står A for retning. Det er ei forkorting for franskavancer, som tyder «gå framover». Det syner kva retning reguleringshaka eller pendelen skal stillast for å få uret til å gå raskare.
fransk preposisjon (à) som tyder til, opp, på eller for. På norsk vert det nytta i ein del franske uttrykk, til dømes à la carte, à jour, à la mode. I omtale av omtrentlege tal 2 à 3 dagar, 10 à 12 timar. Det vert òg nytta som handelsuttrykk, med tydinga til: 2 kg à kr 5,00.
gresk preposisjon som tyder ikkje- eller u-, døme afasi, atypisk. Framfor vokal vert an- brukt, døme analfabet, anarki