Share to:

 

A-Lee

A-Lee

Fødd17. mai 1988 (36 år)
FødestadGjøvik
AliasA-Lee
OpphavNoreg
Aktiv2005–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapTee Productions
Verka somsongar, låtskrivar, musikar, rappar

A-Lee (fødd Ali Pirzad-Amoli17. mai 1988 på Gjøvik) er ein norsk artist som lagar musikk i grenselandet mellom pop, techno og rap. Han er av iransk opphav, og er oppvaksen på Årvoll i Oslo.

Karriere

A-Lee forsøkte seg tidleg som rappar og var med i duoen Cam 'N A-Lee saman med rapparen Cam'leon. 2005 vart eit gjennombrotsår for Cam 'N A-Lee, då dei vann by:Larm sin publikumspris og vart nominert til Årets Urørt med låta «What Do You Mean», saman med Chirag frå Karpe Diem. Gruppa hadde ein EP klar til utgjeving i 2006 (Schmokin' Skillz), men då bandet gjekk i oppløysing, vart ikkje EP-en utgjeven likevel. Brotet skjedde fordi A-Lee hadde skrive platekontrakt med Tee Productions. A-Lee gav likevel ikkje ut noko på Tee Productions og braut kontrakten etter to år. Seinare skreiv han ny kontrakt med Bonnier Amigo.

I 2009 gav han ut sin fyrste singel, «Bump Off», før oppfølgjarsingelen «World So Cold» med Marcus Only kom i 2010. Dette vart den fyrste suksesslåta for A-Lee, ho kom på 12. plass på VG-lista og vart spelt mykje på norsk radio. Same året platedebuterte A-Lee med rap-albumet Missing, som ikkje vart nokon stor publikumsfavoritt. Etter Missing har A-Lee gitt ut musikk som er i større grad inspirert av dance og techno. Dei siste åra har han fått store hits med crossover-singlar som «Hear the Crowd», «The One», «Feelgood» (med Elisabeth Carew) og «Over You». «The One» kom på ein sjuandeplass på VG-lista, og blei på lista i fire veker.[1] I tillegg vart «The One» den mest spelte låta i norsk radio i 2011, og «Hear the Crowd» kom på ein sjuandeplass.[2] I 2012 gav han ut sitt andre album, Forever LostSony Music, der alle dei nemnte singlane er med. Dagbladet gav albumet terningkast tre, med fylgjande grunngjeving: «...selv om «Forever Lost» er gjennomført i sin stilimitasjon, er det ikke til å komme unna at sjangeren automatisk gjør dette til en plate som er på høyde med det mest middelmådige fra utlandet.»[3]

Diskografi

Studioalbum

  • Missing (2010)
  • Forever Lost (2012)

Singlar

  • «Bump Off» (2009)
  • «Baby Got Back» (2010)
  • «World So Cold» (2010) (med Marcus Only)
  • «The One» (2011)
  • «Hear The Crowd» (2011)
  • «Before My Eyes» (2011)
  • «Feelgood» (2012) (med Elisabeth Carew)
  • «Over You» (2012)

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 
Kembali kehalaman sebelumnya