Arne Johannessen
Arne Johannessen (fødd 29. april 1958) er ein norsk politimann og fagforeiningsleiar. I september 2000 vart han leiar i Politiets Fellesforbund. Arne Johannessen er utdanna på Befalsskolen for militærpolitiet og Politiskolen. Han har vore befal i Militærpolitiet, lensmannsbetjent i Luster i Sogn og Fjordane, forbundssekretær og leiar i Lensmannsetatens Landslag, nestleiar i Politiets Fellesforbund og lensmann i Sogndal frå 1998 til 2000. Sidan september 2000 har han vore leiar i Politiets Fellesforbund. Arne Johannessen har også vore leiar i Hafslo Arbeiderlag og kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Luster kommune. I 2005 fekk han «Målprisen 2005» frå Luster mållag under Lustramarknaden.[1] I 2007 fekk han Målprisen frå Noregs Mållag. Referansar
Bakgrunnsstoff |