Aust-EuropaAust-Europa er ei nemning nytta om den austlege delen av Europa. I somme definisjonar er grensene i større grad definert ut frå kultur og ikkje i så stor grad av geografi. Gjennom tidene, og til ein viss grad den dag i dag, har Aust-Europa skild seg kulturelt, religiøst, økonomisk og historisk ut frå Vest-Europa og andre regionar. Sjølv om nemninga Aust-Europa i stor grad vart definert under den kalde krigen, er ho framleis nytta i dag.[1] DefinisjonarDet finst fleire definisjonar av Aust-Europa i dag, men dei er anten ikkje alltid særleg presise eller altfor generelle. Definisjonane varierer både på tvers av kultur, mellom ekspertar og statsvitarar og har vorte meir og meir upresise.[3] Ofte vert nemninga forstått som ein region som ligg mellom Sentral-Europa og Uralfjella, eller som dei europeiske landa som tidlegare høyrte til Austblokka. SNDei sameinte nasjonane sin statistikkdivisjon reknar Aust-Europa som dei følgjande ti landa[4][5]: Kviterussland, Bulgaria, Tsjekkia, Ungarn, Moldova, Polen, Romania, Russland, Slovakia og Ukraina. Inndelinga er slik fordi ho er statistisk nyttig og inneberer ikkje politiske eller andre tilknytingar mellom land og område gjeve av SN.[6] Definisjonen til SN omfattar alle statane som ein gong var under påverknad av Sovjetunionen og var ein del av Warszawapakta, og er ikkje nødvendigvis geografisk korrekt. Dei sameinte nasjonane si ekspertgruppe for geografiske namn (UNGEGN) vart oppretta for å ta seg av tekniske problem med innanriks standardisering av geografiske namn.[2] Gruppa består av ekspertar frå forskjellige språklege eller geografiske avdelingar som er oppretta ved SN-konferansen for standardisering av geografiske namn.
Andre byrå i Dei sameinte nasjonane (som UNAIDS[7], UNHCR[8], ILO[9] eller UNICEF[10]) definerer regionane på andre måtar. CIACIA World Factbook[11] skildrar regionar som følgjer:
GeografiskUralfjella er den geografiske grensa lengst aust i Europa. I vest er den kulturelle og religiøse grensa fleire stader overlappande, men har variert gjennom historia, slik at det er vanskeleg å plassere den vestlege grensa til Aust-Europa nøyaktig. Politisk og kultureltEit syn på den noverande grensa til Aust-Europa kom til under avsluttinga av den andre verdskrigen. Aust-Europa vart då rekna som alle dei europeiske landa som kom under sovjetisk påverknad og kontroll. Desse landa hadde kommunistregime og nøytrale land vart klassifisert ut i frå deira politiske regime. Den kalde krigen førte til enno ein grunn til å dele Europa inn i to, langs grensene mellom landa i NATO og Warszawapakta. Stundom vert land som er historisk eller kulturelt forskjellige ikkje rekna med i Aust-Europa. Dette omfattar vanlegvis land i Sentral-Europa eller Baltikum, som har ei anna politisk, religiøs, kulturell og økonomisk historie enn deira austlege naboland. Nyare utviklingEtter jernteppet forsvann aust-vest-inndelinga av Europa.[12] Sjølv om denne geopolitiske nemninga framleis er i bruk,[13] vert ei inndeling av Europa i geografiske og kulturelle regionar stadig meir vanleg.[14] Baltikum
Baltikum var sovjetiske republikkar og er i dag medlemsland i EU. I forskjellige definisjonar vert dei anten rekna som ein del av Aust-Europa (ut ifrå den tidlegare politiske inndelinga som eit kommunistland) eller Nord-Europa (på grunn av kultur).[15][16] Andre tidlegare sovjetrepublikkarFire andre tidlegare sovjetrepublikkar vert rekna som ein del av Aust-Europa både politisk og kulturelt. Sentral-Europa
Somme sentraleuropeiske statar var kommunistiske under den kalde krigen og er i dag medlemsland i EU. Dei kan reknast som ein del av Aust-Europa (ut ifrå den tidlegare politiske definisjonen som kommunistland) og Sentral-Europa (av økonomiske, historiske, religiøse og kulturelle årsaker).[15][16][17] Søraust-Europa
Dei fleste av statane i Søraust-Europa høyrte ikkje til Austblokka (bortsett frå Bulgaria, Romania og ei kort stund Albania) sjølv om enkelte av dei var medlem i Kominform. Berre enkelte av dei kan reknast inn i den tidlegare politiske definisjonen av Aust-Europa. På grunn av det kulturelle mangfaldet i regionen er det vanskeleg å knyte dei enkelte landa til dei dei nemnde regionane. Alle desse statane bortsett frå Bulgaria, Romania og vanlegvis Slovenia kan reknast som ein del av Sør-Europa.[18] Dei fleste kan derimot reknast som ein del av Søraust-Europa, men somme av dei òg i Sentral-Europa eller Aust-Europa.[19]
Opphav i antikken og mellomalderenDen tidlegare kjende inndelinga mellom aust og vest i Europa dukkar opp i Den romerske republikken. Etter kvart som romarane utvida landområda sine, oppstod eit kulturelt og språkleg skilje mellom dei hovudsakleg gresk-talande austlege provinsnae som hadde danna den urbaniserte hellenistiske sivilisasjonen. I vest nytta ein stort sett latinsk. Denne kulturelle og språklege delinga vart seinare forsterka av den politiske aust-vest-delinga av Romarriket. Delinga mellom aust og vest i seinantikken og mellomalderen vart forsterka av fleire hendingar. Vestromarriket kollapsa og markerte starten på tidleg mellomalder. Austromarriket klarte derimot å halde det gåande og skulle eksistere enno tusen år. Frankarriket oppstod i vest og i lag med det store skismaet, som formelt delte austleg og vestleg kristendom, førte dette til større kulturelle og religiøse skilnader mellom det austlege og det vestlege Europa. Den kalde krigen
Under avsluttingsfasen i den andre verdskrigen skulle framtida til Europa avgjerast av dei allierte på Jaltakonferansen i 1945 mellom statsministeren i Storbritannia, Winston Churchill, presidenten i USA, Franklin Delano Roosevelt, og statsministeren i Sovjetunionen, Josef Stalin. I etterkrigstida vart Europa stort sett polarisert mellom to sfærar: den hovudsakleg kapitalistiske Vestblokka og den hovudsakleg kommunistiske Austblokka. Då den kalde krigen kom i gang vart Europa del av jernteppet. Denne nemninga hadde vorte nytta under den andre verdskrigen av den tyske propagandaminsteren Joseph Goebbels og seinare grev Lutz Schwerin von Krosigk dei siste dagane av krigen og vart popularisert av Winston Churchill, som nytta i den kjende «Sinews of Peace»-talen den 5. mars 1946 ved Westminster College i Fulton i Missouri:
Etter forsvann bruken av nemninga Sentral-Europa. Sjølv om enkelte land offisielt var nøytrale, vart dei klassifisert ut frå det politiske og økonomiske systemet sitt. Denne delinga har definert den populære oppfatninga og forståinga av Aust-Europa og grensene mot Vest-Europa fram til i dag, i lag med ei aukande polarisering i tilhøvet mellom vest og aust. AustblokkaAust-Europa bestod hovudsakleg av alle europeiske land som vart frigjeve og så okkupert av den sovjetiske armeen. Det inkluderte Aust-Tyskland, som bestod av den sovjetiske okkupasjonssonen i Tyskland. Alle landa i Aust-Europa tok til seg kommunistiske styreformer. Landa var offisielt sjølvstendige frå Sovjetunionen, men i praksis var dette sjølvstende, bortsett frå i Jugoslavia, Albania og til ein viss grad Romania, ganske så avgrensa. I enkelte tilfelle var dei lite anna enn klientstatar under Sovjetunionen. Under press frå Stalin sa desse nasjonane frå seg hjelpemidlar frå Marshallplanen og deltok i staden i Molotovplanen, som seinare utvikla seg til COMECON. Då NATO vart oppretta, vart dei fleste landa i Aust-Europa medlemmar av den motsette Warszawapakta, og danna ei geopolitisk nemning kjend som Austblokka.
Sidan 1989Då jernteppet fall i 1989 endra det politiske landskapet seg i Austblokka og resten av verda. Aust-Tyskland og Vest-Tyskland vart på fredeleg vis samla i 1990. COMECON og Warszawapakta vart oppløyst og i 1991 braut Sovjetunionen saman. Mange europeiske nasjonar som hadde vore ein del av Sovjetunionen fekk sjølvstende sitt tilbake (Latvia, Litauen, Estland, Ukraina, Kviterussland). Tsjekkoslovakia vart på fredleg vis delt inn i Tsjekkia og Slovakia i 1993. Jugoslavia fall saman, og dei nye nasjonane Slovenia, Kroatia, Bosnia og Hercegovina, Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) og Makedonia vart oppretta. FRJ fekk seinare namnet Serbia og Montenegro, og i 2006 vart desse to landa fråskilde. Kosovo braut med Serbia i 2008. Mange land i denne regionen har vorte medlem av Den europeiske unionen, nemleg Tsjekkia, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Slovenia, Bulgaria og Romania. Tre andre land, Kroatia, Makedonia og Tyrkia forhandlar for tida om medlemskap. Sjå ògBakgrunnsstoff
Kjelder
Fotnotar |