The Book of Invasions: A Celtic Symphony er det sjette studioalbumet til det irske rockebandet Horslips. Det var eit konseptalbum basert på ei tilpassing av irske segner omgjort til ei kompleks soge. Albumet er kalla opp etter Lebor Gabála Érenn, ei bok frå irsk mytologi kjend som The Book of Invasions på engelsk. Albumet kom ut i 1976. Det var det einaste albumet deira som nådde topp 40 i Storbritannia, då det nådde 39. plassen. Songane «Trouble (With a Capital T)» og «The Power and the Glory» vart begge gjevne ut på singlar.
Innhald
Albumet er delt inn i tre delar: «Geantraí» (spor 1–8), «Goltraí» (spor 9–11) og «Suantraí» (spor 12–14).