Ed Graham
Edwin James Graham (fødd 20. februar 1977) er ein engelsk musikar, mest kjend som den originale trommeslagaren i rockebandet The Darkness, og sidan i avleggjaren Stone Gods fronta av gitaristen songaren Richie Edwards. Graham spelte på tre studioalbum med The Darkness: Permission to Land, One Way Ticket to Hell... and Back og Hot Cakes. I 2006 vart The Darkness oppløyst då Justin Hawkins slutta. Graham og Dan Hawkins skipa då Stone Gods, og henta inn Toby Macfarlaine og Richie Edwards. Graham slutta i dette bandet i 2008 på grunn av helsetrøbbel.[1] Sidan skipa han bandet Karaoke for Beginners med den tidlegare Silverfish-gitaristen Andrew «Fuzz» Duprey. I 2011 vart The Darkness samla att.[2] I oktober 2014 vart det annonsert at bandet ikkje lenger var nøgde med trommeslagaren Ed Graham og han fekk sparken. I 2015 skipa Graham eit anna band med songaren Angus Duprey, bror til Fuzz Duprey. Bandet heitte Puppets to the Supreme Commander. I 2017 spelte Graham trommer for eingangsbandet The Venus Reaction. Kjelder
|