Go A
Go_A er eit ukrainsk folk-elektronikaband som består av vokalisten Kateryna Pavlenko, multiinstrumentalisten Taras Sjevtsjenko, gitaristen Ivan Hryhorjak og Ihor Didentjuk på blåseinstrument. I februar 2020 vann Go_A den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Solovej». Med sigeren skulle Go_A ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart tevlinga avlyst. I staden vedtok kringkastaren UA:PBC at Go_A skal representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Sjum».[1] BakgrunnGo_A vart skipa i slutten av 2012.[2] Namnet Go_A spelar på det å gå attende til røtene eller start: «go» i tydinga å gå, medan A er den fyrste bokstaven i alfabetet. Go_A kombinerer folkemusikk med moderne musikksjangrar, som dance og elektronika, ein kombinasjon som har vorte populær i Ukraina. Bandet har opptredd i ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, og bandet fekk ei hit med låten «Vesnjanka» som låg på den slovakiske hitlista for dance-låtar i seks veker.[3][2] I 2016 gav bandet ut debutplata #Idinazvuk. Gruppa var relativt ukjend i Ukraina fram til 2020, då Go_A vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i regi av tv-kanalane STB og UA:PBC.[4][5] Gruppa deltok med songen «Solovej» (nattergal) og vann både jury- og telefonavrøystina. Med sigeren skulle Go_A representert Ukraina i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020.[2] På grunn av koronaviruspandemien såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Go_A skulle i staden deltake i Eurovision Song Contest 2021, men med ein annan song.[7] I februar 2021 vart det kunngjort at gruppa skulle delta med songen «Sjum» ('støy').[8] Besetning
DiskografiAlbum
Singlar
Referansar
|