Kristiansand kommune
Kristiansand kommune er ein kommune i Agder fylke. Administrasjonssenteret er Kristiansand, som den største byen i regionen Sørlandet og er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune. Den 1. januar 2020 vart Songdalen, Søgne, og Kristiansand kommunar slege saman. Kommunen vart heitande Kristiansand. SamferdselKristiansand er òg eit viktig knutepunkt for transport og kommunikasjon. Byen er ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 over Setesdalen. Med Sørlandsbanen har byen jarnbanesamband med både Oslo i aust og Stavanger i vest. Flyplassen på Kjevik er forbunde med fleire byar i Noreg og Europa, mellom anna Amsterdam og København. Det er hyppige ferjeavgangar til Hirtshals i Danmark. Tettstader
KommunevåpenetKristiansand sitt våpen viser ei løve under ei furu på raud bakgrunn, med ei krone over og eit valspråk rundt. At krona er lukka og ikkje open, som i andre byvåpen, syner at byen vart grunnlagd av ein konge. Furua viser til at byen vart grunnlagd på ei furumo, og løva kjem frå det norske riksvåpenet. Valspråket som står under våpenet er «Causa Triumphat Tandem Bona» - den gode saka vinn til slutt. Kjende personar frå Kristiansand
Bakgrunnsstoff |