Labyrinth av David Bowie
Labyrinth er eit filmmusikkalbum av den engelske musikaren David Bowie og den sørafrikanske komponisten Trevor Jones, gjeve ut i 1986 for filmen Labyrinth. Det var det andre av tre filmmusikkalbum der Bowie hadde ei støre rolle som han gav ut, etter Christiane F. og førThe Buddha of Suburbia. Filmmusikkalbum inneheld lydsporet til Jones for filmen, som er delt inn i seks spor for albume: «Into the Labyrinth», «Sarah», «Hallucination», «The Goblin Battle», «Thirteen O'Clock» og «Home at Last». BakgrunnRegissøren Jim Henson møtte Bowie for å ta del i filmen i 1983 under Serious Moonlight-turneen til Bowie, då han synte Bowie tidlege design for filen og ein kopi av The Dark Crystal. Bowie hadde ønska å lage musikk til ein barnefilm og såg dette som sjansen sin.[2] Bowie spelte inn fem songar for filmen: «Underground», «Magic Dance», «Chilly Down», «As the World Falls Down» og «Within You». Temasongen til filmen, «Underground», som er to gonger i filmen, først i ei forkorta utgåve spelt under opningasekvensen og andre gongen den fulle versjonen av songen. Den einaste songen Bowie ikkje song solovokal på var «Chilly Down», som vart framført av Charles Augins, Richard Bodkin, Kevin Clash og Danny John-Jules, skodespelarane som hadde røysta til 'Fire Gang'-skapningane i filmen.[3] UtgjevingFilmmusikkalbumet kom ut i juli 1986 i samband med at filmen hadde premiere i USA.[4] «Underground» kom ut i ulike område på singel i juni 1986[5] og i somme marknader vart det òg gjeve ut ein instrumental versjon og ein forlenga «dance-miks».[1] I januar 1987 vart «Magic Dance» gjeven ut på 12"-singel i somme marknader, inkludert i USA.[6] «As the World Falls Down» var opphavleg tenkt som den neste singelen etter «Underground» for jula i 1986, men dette vart det aldri noko av.[7] I 2017 vart albumet ommastra og gjeve ut på vinyl på Capitol Records, med ein kopi av det originale omslaget, inkludert den originale logoen til EMI America som stod på originalen[8][9] og eit innvendig omslag med foto av Bowie frå filmen.[10] Plata kom òg i avgrensa grøn og levendel-farga vinyl.[11][10] MarknadsføringAlbumet vart marknadsført i musikkmagasin som Billboard.[12] Steve Barron laga ein musikkvideo for «Underground» og «As the World Falls Down».[13] Musikkvideoen for «Underground» syner Bowie som ein nattklubbsongar som snublar inn i verda i Labyrinth, og møter mange av skapningane ein kan sjå i filmen. Videoen for «As the World Falls Down» inneheld klipp frå filmen og bruker dei i lag med svartkvitbilete av Bowie som framfører songen i eit elegant rom. Sjølv om Bowie ikkje var særleg involvert i marknadsføringa av Labyrinth, var Jim Henson likevel takksam for at han laga musikkvideoane og sa «Eg trur det er det beste han kunne ha gjort for filmen.»[14] Barron-videoane for «As the World Falls Down» og «Underground» imponerte Henson så mykje at han fekk Barron til å regissere fjernsynsserien hans The Storyteller.[15] MottakingAdam Trainer i Senses of Cinema skildra dei fem songane til Bowie som «andelege og nyskapande. Dei har tilfredsstillande melodiar og allsongvenlege refreng» som «Magic Dance». Han skreiv at sjølv om songane fungerte bra i filmen, «som eit ekko av plottet og emna som fantasi og moro», syns han dei var overproduserte og for «sjølvmedviten pop».[16] Labyrinth-albumet vart inkludert på ei liste over dei 50 beste filmmusikkalbuma av magasinet Paste[17] og Gigwise.[18] I følgje Bowie-biografen David Buckley i 2015 var Labyrinth-albumet det tredje bestseljande iTunes-albumet i Storbritannia.[19] Innhald
MedverkandeMedverkande per Nicholas Pegg.[20]
Salslister
Kjelder
|