«More Than a Feeling» er ein song av det amerikanske rockebandetBoston. Songen vart skriven av Tom Scholz og gjeven ut som den første singelen frå det sjølvoppkalla debutalbumet på Epic Records i september 1976. B-sida var «Smokin'». Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100, men er vorten ein klassisk på classic rock-radio og i 1999 vart han kåra til den 39. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[1] Songen er òg inkludert på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll, og vart òg rangert på 500. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004. På den oppdaterte lista i 2010 var songen derimot ute av lista.[2][3]
Bakgrunn og skriving
Det tok Tom Scholz fem år å skrive songen.[4][5] Det er ein av seks songar[6]) som han arbeidde på i kjellaren sin i 1974 og 1975, før Boston hadde fått platekontrakt.[5] Trommene vart opphavleg utvikla av Jim Masdea, men det er Sib Hashian som speler trommer på den offisielle utgjevinga.[6]
The Book of Rock Lists meiner at riffet i refrenget er ein skjult hyllest til Kingsmen-klassikaren«Louie Louie». Scholz sjølv har sagt at «Walk Away Renee» av The Left Banke var den viktigaste inspirasjonskjelda til songen.[7][8]