Olav Nygard
Olav Nygard (10. juli 1884–11. februar 1924) var ein norsk lyrikar frå Modalen i Hordaland. Nygard rakk å gje ut fire samlingar av dikt før han døydde 40 år gamal. Nygard skreiv på nynorsk. Han livnærte seg som snikkar og småbrukar, men hadde i alle år dårleg økonomi og svak helse. Han fekk tuberkulose. Olav Nygard er ein av dei fremste lyrikarane frå mellomkrigstida. I levetida si fekk han berre avgrensa kunstnarleg anerkjenning og ingen økonomisk suksess. Men poetisk sette han store spor etter seg, og dei beste dikta hans høyrer til mellom det beste i norsk litteratur. Claes Gill hevda at han ville vore i verdseliten om han hadde skrive på eit språk som hadde fleire brukarar. Om dødenI dikta tek Nygard opp store og vanskelege tema, og han står klart innanfor ein romantisk diktartradisjon. Han er inspirert av Wergeland, Shakespeare, Shelley og Keats. Dikta hans er ofte visjonære, og dei er språkleg rike. Han vert ikkje utan grunn kalla ein dødens diktar. Bøkene, særleg Ved vebande («ved det heilage») og eit etterlate manuskript, inneheld tradisjonelle døds- og vanitasdikt, men òg svært originale framstillingar av slike tema. I kontrast til den opne dødstematikken står eit sterkt fokus på fruktbarheit, skaping og livgjevande impulsar. Desse to sidene inngår ofte i ein poetisk fruktbar dynamikk, til dømes i hans kanskje mest kjende dikt, «No reiser kvelden seg» frå 1923:
Utgjevingar
Bakgrunnsstoff
Litteratur
|