Peipus
Peipus (estisk Peipsi järv, russisk Чудское озеро, Tsjudskoje ozero) er ein stor innsjø på grensa mellom Estland og Russland.[1] Peipus er den fjerde største innsjøen i Europa, med eit areal på 3 555 km². Berre Ladoga, Onega og Vänern er større i Europa. Sjøen har tre delar: Ein større del, kjend under namnet Peipus, ein mindre del, Pihkva/Pskov, og eit sund mellom desse, Lämmi/Tjoploje. Peipus er ein grunn innsjø, med største djupn på 15 meter og ei middeldjupn på 7 meter. Sjøbotnen er for det meste gråfarga mudder, men er sandete i sør.[1] Fiskelivet i sjøen er rikt, men sjøen er ureina etter utslepp i Sovjet-tida. Elva Emajõgi munnar ut i Peipus frå Võrtsjärv i vest. I nord renn Narvaelva ut av Peipus og til havet i Finskebukta. Sjøen er frosen rundt seks månader i året.[1] I 1242 var den islagde innsjøen åstad for Slaget ved Peipus (kjend i Russland som «slaget på isen») mellom Den tyske riddarordenen og folk frå Novgorod under Aleksandr Nevskij. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|