Sheer Heart Attack er det tredje studioalbumet av det britiske rockebandet Queen, utgjeve i november 1974. Det vart produsert av bandet og Roy Thomas Baker og distribuert av EMI i Storbritannia, og Elektra i USA.
Albumet vart det store gjennombrotet til Queen både i Storbritannia og utlandet. Den første singelen frå albumet, «Killer Queen», nådde andreplassen på den britiske singellista og han nådde 12. plassen på Billboard-lista i USA. Sheer Heart Attack var òg det første Queen-albumet som nådde topp 20 i USA, med ein 12. plass i 1975. Dei gjekk bort frå det progressive temaet frå dei to første albuma, og består av meir konvensjonel rock og eit steg i retning den klassiske Queen-stilen.[6] Det er blitt sagt om albumet at det inneheld «eit vell av ypparlege hardrock-gitarlåtar».[2] I seinare tid er det ofte rangert blant dei beste albuma til bandet og vert rekna som eit essensielt glamrockalbumet.[4]
NME skreiv, «Ein fest. Ingen dårlege, og fire songar som berre går og går: Killer Queen, Flick of the Wrist, Now I'm Here og In the Lap of the Gods...revisited».[14]Winnipeg Free Press skreiv om «multisporsgitaren til Brian May, den makelause vokalen til Freddie Mercury, og det dynamiske produksjonsarbeidet til Roy Thomas Baker», og kalla albumet «ingenting er heldt attende, eit fullskala åtak på sansane».[15]Circus kalla albumet «kanskje det tyngste og mest rocka åtaket på desse breiddene me har sett på ei stund».[16]Rolling Stone skreiv «Om det er vanskeleg å verkeleg like, så er det ikkje vanskeleg å beundre: Dette bandet kan sakene sine, og dei vågar».[12]John Mendelsohn var ikkje imponert og skreiv, «Eg jakta på begge sider av det siste albumet deira etter noko, kva som helst, som var berre var i nærleiken av like flott som «Keep Yourself Alive» eller «Father to Son», men enda opp tom-øyra og gråtande».[17] I 1974 rangerte Disc albumet som et tredje beste det året[18] og det vart plassert på ein 24. plass på ei liste over dei 60 beste albuma det året i NME.[19]
AllMusic sa seinare «det teatralske handlar no om kvardagsting, som ironisk nok får dei til å høyrast overstore. Og denne kjensla av stor skala, kombinert med tunge gitarar, pop-strofer og teatralsk stil, markerer den verkelege avdukinga av Queen, og gjer Sheer Heart Attack til augneblinken då dei verkeleg tredde i kraft».[6]Q kalla plata «uunværleg» og «ein av dei beste blandingane av pop og rock i 1970-åra».[11]Pitchfork skreiv «Sheer Heart Attack betrar ikkje berre alle sidene ved musikken deira frå dei to første albuma, men leverer noko av den finaste musikken i heile karrieren deira... Dette er bandet på sitt mektigaste.»[9] BBC skreiv, «dei strekte produksjonsmetodane på den tida heilt til grensa med lag på lag av vokal og gitarar, og Freddie sine varieté-hint kom omsider fram... dette var albumet der Queen fann stemma si».[20] Rockehistorikaren Paul Fowles skreiv i A Concise History of Rock Music at Sheer Heart Attack «såg bandet bli meir og meir fokusert på den gryande kulten kring Mercury» og hans «unike rocketeater», særleg på singelen «Killer Queen».[21]
«Now I'm Here» (live i Hammersmith Odeon, desember 1975)
4:25
2.
«Flick of the Wrist» (BBC session, oktober 1974)
3:24
3.
«Tenement Funster» (BBC session, oktober 1974)
2:58
4.
«Bring Back That Leroy Brown» (acappella mix 2011)
2:17
5.
«In the Lap of the Gods... Revisited» (live i Wembley Stadium, juli 1986)
2:35
Bonusvideoar på luksusutgåva til iTunes i 2011
Nr.
Tittel
Lengd
6.
«Killer Queen» (Top of the Pops, versjon 2)
7.
«Stone Cold Crazy» (live i the Rainbow 1974)
8.
«Now I'm Here» (live i the Forum, Montreal 1981)
Songar
Side ein
«Brighton Rock» fortel soga om to unge kjærastar kalla Jenny og Jimmy som møtast i Brighton på ein fridag.[35]Mod-ungdom som drog til Brighton på offentlege fridagar var eit populært tema på den tida, som i The Who sin Quadrophenia.[36] Songen inneheld ein uakkompagnert gitarsolo,[35] der
May nytta delay-effekt til å byggje opp gitarharmoni og kontrapunkt-melodiar. Studioversjonen inneheld berre ein «hovudgitar» og ein «ekkogitar» i eit kort parti, men på konsertar delte May vanlegvis gitarsignalet i eit «hovudsignal» og to «ekkosignal», der kvar gjekk til separate forsterkarar. Gitarsoloen på denne songen har blitt framført på dei fleste konsertane til QUeen eller May, anten som ein del av denne songen, i ein medley med andre, eller som eit enkeltståande stykke. May spelte òg delar av soloen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London.[37]
«Killer Queen» vart skriven av Mercury og vart den første internasjonale hitten til bandet.[38][39] Det var ein av få songar der han skreiv teksten først, som handlar om ein luksusprostituert. Bandet spelte først inn spor for songen utan May, fordi han var på sjukehus etter eit magesår, men let rom til han som han kunne fylle inn når han kom attende. Mercury spelte både spikerpiano og flygel. Songen vart framført på Top of the Pops etter han gjekk inn på singellista.
Taylor skreiv «Tenement Funster» om ungdom og opprør, og song solvokal. Songen glir rett inn i «Flick of the Wrist» (som vart B-sida til «Killer Queen»), og så igjen inn i «Lily of the Valley», som gjer dei tre songane til ein suite.[40] Denne suiten vart spelt av Dream Theater på bonusplata til albumet deiraBlack Clouds & Silver Linings.[40]
«Now I'm Here» vart skriven medan May var på sjukehus, og minnast då gruppa i starten av kararieren var oppvarmingsband for Mott the Hoople. Han var spelt inn den siste veka av innspelinga, med May på piano.[41]
Side to
«In the Lap of the Gods» vart skriven av Mercury og inneheld lag på lag med vokal av han sjølv og Taylor.
«Stone Cold Crazy» var ein av dei første songane Queen spelte live, og hadde fleire forskjellige arrangement før han vart spelt inn for Sheer Heart Attack. Ingen av bandmedlemmane hugsa kven som hadde skrive teksten då albumet kom ut, så dei delte låtskrivinga på songen, den første dei gjorde dette med. TEksten handlar om gangsterar, med ein referanse til Al Capone. Songen har eit kjapt tempo og ei kraftig forvrenging, liknande speed metal.[42] Musikkmagasinet Q skildra «Stone Cold Crazy» som «thrash metal før omgrepet vart oppfunne».[43] Songen vart spelt på nesten alle konsertane til Queen mellom 1974 og 1978.[44][45][46][47]
Metallica spelte songen i 1990 for samlealbumet Rubáiyát: Elektra's 40th Anniversary. Denne versjonen vart sidan gjeven ut som B-sida til singelen «Enter Sandman» og vann dei ein Grammy-pris. Denne versjonen finst òg på albumet Garage Inc. Metallica-versjonen er meir aggressiv enn originale, og dei gjorde små endringar i teksten. James Hetfield spelte songen ein gong i lag med Queen & Tony Iommi frå Black Sabbath under The Freddie Mercury Tribute Concert. Metallica spelte òg songen som ekstranummer under Black Album-turneen i 1991-1993, og eit konsertopptak finst på Live Shit: Binge & Purge og DVDen Français Pour une Nuit frå 2009. Hellyeah spelte Metallica sin versjon av «Stone Cold Crazy» i 2007.
«Dear Friends» var skriven av May og sungen av Mercury. Def Leppard spelte inn songen (sungen av bassisten Rick Savage) for ein bonus-EP av albumet Yeah!.
«Misfire» var den første songen Deacon skreiv for bandet, der han spelar dei fleste gitarane sjølv.
«Bring Back That Leroy Brown» vart skriven av Mercury der han spelar flygel og spikerpiano, og har lagt på mange lag med vokal. May spelar ein kort seksjon med ukulele-banjo og Deacon spelar ei linje på kontrabass. Tittelen hintar itl den då nylege hitten «Bad Bad Leroy Brown» av Jim Croce, som hadde omkomme i ein flystyrt året før. Songen vart spelt live i eit arrangement som korta ned songen.
«She Makes Me (Stormtrooper in Stilettos)» vart skriven og sungen av May med May og Deacon på akustisk gitarar. May kalla lydane i slutten «marerittaktige New York-lydar», med hylande politisirener og djup pusting.
«In the Lap of the Gods ... Revisited» var det første forsøket til Mercury på ein song som publikum kunne syngje med på, på liknande vis som den meir suksessrike «We Are the Champions». Han vart nytta som avslutningssong på konsertane deira frå 1974 til 1977. I 1986 vart han framført igjen i ein medley som glei inn i «Seven Seas of Rhye», og vart framført nyleg på turneane deira med vokalisten Adam Lambert.
Brian May: gitar, korvokal, piano på «Dear Friends», banjo-ukelele på «Bring Back That Leroy Brown», solovokal på «She Makes Me (Stormtrooper in Stilettos)», orgel på «Now I'm Here»
*salstala er basert på sertifiseringa aleine ^salstala er basert på sertifiseringa aleine
Turné
Frå 10. oktober 1974 til 1. mai 1975 vart albumet marknadsført på ein turné. Turneen bestod av tre delar og 77 konsertar, og var den første verdsturneen til bandet.
↑[...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 89. ISBN3-89880-517-4.