Synthpop
Synthpop eller synth-pop er ein undersjanger av new wave-musikk[1][4] som fyrst blei utbreidd på slutten av 1970-talet og har synthesizer som hovudinstrument. Før det blei ein eigen sjanger brukte ein synthesizerar på 1960- og byrjinga av 1970-talet i progressiv rock, elektronisk musikk, kunstrock, disco og særleg krautrocken til grupper som Kraftwerk. Han blei ein tydeleg eigen sjaner i Japan og Storbritannia i post-punk-tida som del av new wave-rørsla frå slutten av 1970-talet til midten av 1980-talet. I tillegg til synthesizer er òg bruk av trommemaskin og sequencer vanleg, og desse er dei dominerande instrumenta. Synthpop bløma på 1980-talet, då desse instrumenta byrja å bli meir tilgjengelege, og blei gjort kjend gjennom artistar som A-ha, Ultravox, Depeche Mode, The Human League og Madonna. Kjelder
|