Trisector
Trisector er det tiande studioalbumet til den engelske progressive rockegruppa Van der Graaf Generator. Det kom ut på Virgin/EMI Records i mars 2008. Albumet var det første albumet dei gav ut som trio, etter at saksofonisten David Jackson slutta etter ein turné i 2005. Allmusic skreiv om albumet: «Vanlegvis er det første comeback-albumet eit påskot for ein comback-turné, og det er det andre comebackalbumet som er den verkelege testen. Og Van der Graaf Generator klarte testen, sjølv om fansen kjem til å krangle om det i årevis. Dette er ikkje god, gammal VdGG, og høyrest meir ut som eit soloalbum av Peter Hammill enn nokre av albuma til VdGG frå 1970-åra.»[1] InnhaldAlle spor skrivne av Hugh Banton, Guy Evans og Peter Hammill utanom der andre er nemnde
Medverkande
Kjelder
|