Share to:

 

Waiting on a Friend

«Waiting on a Friend»
Singel] av The Rolling Stones
frå albumet Tattoo You
Utgjeve 30. november 1981
Innspelt 1972/1973 og 1981
Sjanger Rock
Lengd 4:35
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Start Me Up»
(1981)
«Waiting on a Friend» «Hang Fire»
(1982)


«Waiting on a Friend» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Tattoo You frå 1981.

Historie

Songen vart først spelt inn så tidleg som 1970, då Mick Taylor først kom med i bandet, og vart spelt inn med Jagger i London. Innspelinga av «Waiting on a Friend» starta seint i 1972 og varte til tidleg i 1973 i KingstonJamaica, under innspelinga av Goats Head Soup. Mick Taylor var då framleis medlem av bandet, og gitaren hans er framleis med på innspelinga, som var ein av songane vald ut til Tattoo You i 1981 av produsent Chris Kimsey.

Teksten syner ei meir moden side av songaren Mick Jagger. Han snakkar om setje til sider kvinner og uvanar og gjere noko med livet og finne eit godt venskap:

« Don't need a whore, I don't need no booze, don't need a virgin priest. But I need someone I can cry to, I need someone to protect »

Songen har mjuke gitarar, ein glatt rytme og Jagger som syng høge «doo-doo-doo» på refrenget. Stones leigde inn jazzsaksofonisten Sonny Rollins til å spele ein solo på songen. I tillegg spelar Nicky Hopkins piano.[1]

Utgjeving

Songen vart den andre singelen frå albumet etter «Start Me Up», og vart ein gjengangar på radio i USA, der han nådde 13. plass på singellista. Han gjorde det ikkje like godt i Europa, og nådde til dømes berre 50. plass på den britiske lista.

Ei konsertutgåve av songen finst på konsertalbumet No Security frå 1998.

Medverkande

Rolling Stones

Andre medverkande

Salslister

Liste (1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 44
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 15
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 17
UK Singles (Official Charts Company)[5] 50
US Billboard Hot 100[6] 13

Kjelder

  1. Janovitz, Bill. The Rolling Stones "Waiting on a Friend". allmusic. 2007
  2. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  3. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Waiting on a Friend" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. mars 2018.
  4. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Waiting on a Friend" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. mars 2018.
  5. "Chart Stats – Rolling Stones – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 29. mars 2018.
  6. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 29. mars 2018.

Bakgrunnsstoff

Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 
Kembali kehalaman sebelumnya