Your Song
«Your Song» er ein ballade av Elton John med tekst av Bernie Taupin frå albumet Elton John i 1970. Songen vart gjeven ut i USA i oktober 1970 som B-sida til «Take Me to the Pilot». Begge vart spelt på radio, men programleiarane føretrekte «Your Song» og han erstatta «Take Me to the Pilot» som A-sida og gjekk etter kvart inn på lista i både Storbritannia og USA. Ein demoversjon av songen vart gjeven ut i plateboksen To Be Continued i 1990.[1] Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Ellie Goulding som tok songen til andreplass i Storbritannia i 2010. Komposisjon«Your Song» er ei mjuk blanding av folk og jazz. Songen er dominert av det Leon Russell-aktige pianoet til John, samt akustisk gitar og strykeakkompagnementet til Paul Buckmaster.
Teksten uttrykket romantiske tankar og er av Allmusic kalla «effektiv og søt»:[2] «So excuse me forgetting but these things I do / You see I've forgotten if they're green or they're blue / Anyway the thing is what I really mean / Yours are the sweetest eyes I've ever seen / And you can tell everybody this is your song / It may be quite simple but now that it's done...» Songen vart skriven i lag med ein haug andre songar John og Taupin skreiv medan dei budde i lag. Musikken vart skriven den 27. oktober 1969 på berre ti minuttar. Taupin skreiv teksten tidlegare på dagen under frukosten. John kallar songen ein av favorittsongane hans, og spelar han på dei fleste konsertane sine. I eit intervju sa han: «Eg trur ikkje eg har skrive ein like god kjærleikssong sidan.» Mottaking«Your Song» vart hylla av kritikarane då han kom ut og dei neste åra. Bill Janovitz frå Allmusic skildra han som ein «nær perfekt song».[2] I eit intervju med journalist Pete Hamill for Rolling Stone i 1975 sa John Lennon «eg hugsar då eg høyrte Elton John sin 'Your Song,' høyrde han i Amerika - det var ein av dei første store hittane til Elton - og eg hugsar eg tenkte, 'Flott, det er det første nye som har skjedd etter at vi (The Beatles) skjedde.' Det var eit steg framover. Det var noko med vokalen som var ei forbetring av all engelsk vokal fram til då. Eg var nøgd.» John Mendelsohn frå Rolling Stone kalla songen «ein vakker McCartney-liknande ballade».[3] I 2004 vart songen plassert på 136. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Lister og innverknadSongen vart den første hitten til John. Han nådde 8. plass i USA og 7. plass i Storbritannia. I 2002 spelte John inn songen på ny med operasongaren Alessandro Safina for den første Sport Relief-hendinga og songen nådde då 4. plass i Storbritannia.
Andre versjonarI 2001 song John songen med Billy Joel som ein del av The Concert for New York City etter 11. september-åtaka. John framførte songen på Concert for Diana den 1. juli 2007. 31. januar 2010 framførte John og Lady Gaga songen som ein medley med Gaga-songen «Speechless» under Grammy Awards-utdelinga.[10] Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:
Ellie Goulding-versjonen
Den engelske artisten Ellie Goulding spelte inn «Your Song» for debutalbumet sitt Lights i 2010. Han vart gjeven ut som digital singel i november 2010.[13] Goulding framførte «Your Song» på bryllaupsfesten for til prins William og Catherine Middleton i Buckingham Palace den 29. april 2011.[14] Det vart òg laga ein musikkvideo til songen. Lister
Kjelder
|