Zanzibar av Billy Joel
«Zanzibar» er ein song skriven av Billy Joel for albumet 52nd Street i 1978. Songen finst òg på fleire konsertalbum. Songen er kjend for ein trompetsolo av den kjende jazzartisten Freddie Hubbard. Tekst og musikkTemaet i teksten på «Zanzibar» er kjærleik for idrett, alkohol og songaren som prøver å flørte med ei servitrise.[1][2] Ifølgje produsenten Phil Ramone hadde Joel skrive musikken og funne ut at han likte tittelen «Zanzibar» for stykket, men ikkje funne ut kva han ville sei om Zanzibar.[2] Ramone fekk bilete av folk som såg på sport i ein bar, og Joel valde å skrive ein song om hendingar i ein bar kalla Zanzibar.[1] Teksten refererer til personar som boksaren Muhammad Ali, baseballspelaren Pete Rose og vinnaren på den tida av baseball-turneringa World Series, New York Yankees.[1][3] Songen byrjar langsamt, men glir så over i ein shuffle-rytme.[3] Han inneheld to jazztrompetsoloar av den legendariske trompetisten Freddie Hubbard.[3] Allmusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine reknar melodien i «Zanzibar» som ei hyllest til Donald Fagen frå Steely Dan.[4] «Zanzibar» er ofte blitt spelt på konsertane til Joel, og konsertopptak finst på 12 Gardens Live frå 2006 og Live at Shea Stadium: The Concert frå 2008.[5] «Zanzibar» finst òg på samlealbumet My Lives.[5] Kjelder
Bakgrunnsstoff |