Zimbabwe
Det har truleg vore menneske i Zimbabwe i over 100 000 år. Tidlegare namn på Zimbabwe er Sør-Rhodesia og Rhodesia. Geografi
KlimaZimbabwe har eit klima som i stor grad vert styrt av den intertropiske konvergenssona. Når dette tropiske regnområdet flyttar seg sørover får ein regnbyger, skyer og torevêr frå desember til mars. Savanneområdet får regn om lag annakvar dag, og om lag ein gong i veka kan ein få guti-vêr — yr og tåke — når kjøligare luft trenger seg inn frå søraust. Harare har ein normal årsnedbør på 831 mm. Dagtemperaturane er høge året rundt, og i tørketida opp mot, men sjeldan over, 32 °C. Limpopodalen heilt søraust i landet kan derimot få høgare temperaturar. Tørketida varer frå juni til september, bortsett frå høgdedraga i aust som kan få ein vinterleg guti. Sidan det meste av landet ligg høgare enn 1000 m, kan nettene bli ganske så kjølige til å vere i tropane. Vanlegvis kjem ein ned i rundt 4-7 °C, men frost er derimot sjeldan. |