AndaktAndakt er ei enkel form for gudsteneste som kristne, enkeltvis eller i gruppe, er oppfordra til å halde dagleg. OrdsogeOrdet andakt kan brukast i norsk i hankjønn eller hokjønn (ein eller ei). Det har komme frå tysk andenken (tenkje på) via dansk til norsk. Ordet andakt kan brukast i to tydinger: Om ei enkel gudsteneste eller bønestund som omtalt her, eller om ei stemning av alvor og høgtid.[1] InnhaldEin typisk andakt inneheld bønn, bibellesing og meditasjon. Andakt er ei kjelde til ro og ein moglegheit til å ta ein pause. Andakt i media«Andakten» er eit radioprogram i NRK som har ein særs stabil lytterskare. I 2001 hadde programmet dagleg 430.000 lyttarar. Norea Radio sender andaktsserien Over en åpen Bibel til ei rekke lokalradioar, som sender daglege andaktar fem dagar i veka. LitteraturFor enkle andaktar finst ein særskilt litterær genre av sokalla andaktsbøker. NoregNokre kjende norske forfattarar av andaktsbøker er Fredrik Wisløff, Hans Edvard Wisløff, Ludvig Hope, Ole Hallesby og O. Dahl Goli SverigeNokre kjende svenske forfattarar av andaktsbøker er Torgny Wirén, Carl Olof Rosenius, Magnus Malm, Wilfrid Stinissen og Aurore Tisell. Kjelder
BakgrunnsstoffInformation related to Andakt |