Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.
I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei landa som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil venteleg på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sette.
Eurosona
Euro er primært valuta i eurosona som består av 20 EU-land.
Euro er òg offisiell valuta i seks statar og eitt område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosona. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.
Då Maastricht-traktaten tredde i kraft den 1993-11-011. november 1993 vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosona. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.
Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den 1999-01-011. januar 1999, men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakka om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.
Fotnotar
↑2004/548/EC: Council Decision of 11 May 2004 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Andorra, 11. mai 2004
↑2004/750/EC: Council Decision of 21 October 2004 on the opening of the negotiations on an agreement concerning monetary relations with the Principality of Andorra, 21. oktober 2004
↑1999/96/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Monaco, 31. desember 1998
↑1999/97/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Republic of San Marino, 31. desember 1998
↑1999/98/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with Vatican City, 31. desember 1998
↑2003/738/EC: Council Decision of 7 October 2003 on the adoption of amendments to be made to Articles 3 and 7 of the Monetary Convention between the Italian Republic, on behalf of the European Community, and the Vatican City State, represented by the Holy See, and authorising the Italian Republic to give effect to these amendments, 7. oktober 2003
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2021