Let's Be Friends
Let's Be Friends er det 37. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Camden Records i april 1970. Det var det andre billigalbumet som Presley gav ut på RCA Camden. Det nådde 105. plassen på Billboard 200-lista.[1] Albumet selde til gullplate 15. juni 1999 og platina den 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[2] InnhaldSom føregjengaren Elvis Sings Flaming Star, består Let's Be Friends av ei samling songar som ikkje var gjevne ut tidlegare. Desse var spelt inn for filmane til Presley.[3] Etter at Presley på ny hadde fått fart i karrieren sin, kan Colonel Tom Parker, manageren til Presley, ha protestert mot å utnytte marknaden på denne månen, men dette var ein del av kontrakten Presley hadde med RCA.[3] Albumet inneheldt to songar som ikkje var frå filmar, frå innspelinga vinteren 1969 i American Sound Studio i Memphis, «I'll Be There» og «If I'm a Fool (For Loving You)».[4] «Mama» vart sungen i filmen Girls! Girls! Girls! av The Amigos og Presley, og ei forkorta utgåve kom ut på CD-plata Elvis Double Features: Kid Galahad/Girls! Girls! Girls!.[5] «Let's Forget About the Stars» var blitt spelt inn for filmen Charro!, men vart ikkje nytta i filmen. «Almost» var ein av berre to songar frå The Trouble with Girls som kom ut medan Presley levde. Tre songar, «Let's Be Friends», «Change of Habit» og «Have a Happy», var opphavleg for filmen Change of Habit. To andre songar frå filmen «Rubberneckin'» og «Let Us Pray», kom ikkje med på albumet, medan den førstnemnde vart gjeven ut på singel i 1969 og sistnemnde kom ut på billigsamlinga You'll Never Walk Alone i 1971. Som alle Presley-albuma på Camden, var albumet kort, for kort for eit fullprisalbum. I 1975 vart det gjeve ut på ny på Pickwick Camden Records med det originale katalognummmeret #CAS 2408. Plata vart gjeve ut på CD av Sony Music Entertainment i 2006. Innhald
Kjelder
|