On Stage er eit konsertalbum av Elvis Presley hovudsakleg spelt inn 17. til 19. februar 1970 på International Hotel i Paradise i Nevada, og gjeve ut på RCA Records. Det var ein oppfølgjar til From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis, som òg inneheld konsertopptak. I motsetnad til den førre utgjevinga, fokuserte dette albumet på songar som ikkje på den tida var gjevne ut av Presley tidlegare. Albumet kom ut i juni 1970 og nådde 13. plassen på både Billboard 200 og countrylista.[5] Det selde til gullplate 23. februar 1971, og platina den 15. juli 1999, hos Recording Industry Association of America.[6]
Albumet inneheld hitsingelen «The Wonder of You», som toppa Adult Contemporary-lista i USA og den britiske singellista. Andre songar er «See See Rider», «Yesterday», Tony Joe White sin «Polk Salad Annie», Del Shannon sin «Runaway», og ein versjon av «Let It Be Me». «See See Rider» vart eit fast introduksjonsnummer for Elvis på konsertane hans fram til den siste konserten hans 26. juni 1977, medan «Polk Salad Annie» òg vart ein fast song på repertoaret hans.
Albumet har vore i trykk sidan det kom ut og har selt meir enn ti millionar eksemplar globalt. I 2010 kom ei Legacy Edition-utgåve av albumet.
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.
↑«Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 8. januar 2017. Merk: Søk på «On Stage», then select «Presley, Elvis»