Linda McCartney
Linda Louise McCartney, Lady McCartney (fødd 24. september 1941 som Eastman, daud 17. april 1998) var ein amerikansk musikar, fotograf, og dyrevernsaktivist. Ho var gift med Paul McCartney frå The Beatles. McCartney var profesjoell fotograf og tok mange bilete av kjendisar og musikarar. Bileta henna vart publiserte i boka Linda McCartney's Sixties: Portrait of an Era i 1992.[1] Linda gifta seg med McCartney i 1969 i Marylebone festekontor i London og vart sidan velsigna i St John's Wood Church.[2][3] Dottera hennar, Heather Louise, frå det første ekteskapet med Melville See, vart adoptert av Paul McCartney. I lag hadde McCartney-paret tre andre barn, mellom desse moteskaparen Stella McCartney. Etter The Beatles vart oppløyst i 1970, skipa Paul og Linda bandet Wings i 1971. Ho fortsette å turnere med bandet til ektemannen etter Wings vart oppløyst i 1981 og fram til The New World Tour i 1993. McCartney var oppteken av dyrerettar og publiserte fleire vegetariske kokebøker. Ho skipa òg vegetarmatføretaket Linda McCartney Foods med ektemannen. I 1995 fekk ho diagnosen brystkreft og døydde av sjukdommen i 1998, 56 år gammal. DiskografiWings
Soloalbum
Solosinglar
Paul og Linda McCartney
Studioarbeid
Kjelder
Bakgrunnsstoff |