Mary Had a Little Lamb av Wings
«Mary Had a Little Lamb» er Wings sin versjon av den tradisjonelle barnesongen. BakgrunnDå songen kom ut meinte skribentar som Roy Carr og Tony Tyler i New Musical Express at songen vart spelt inn av McCartney som svar til at BBC bannlyste den førre singelen hans, den politiske «Give Ireland Back to the Irish»,[1] men McCartney har nekta for dette og sa det var eit oppriktig forsøk på å skrive ein song for barn.[2] Faktisk vart songen skriven før «Give Ireland Back to the Irish», sidan ein demo av songen kan høyrast under eit intervju spelt inn for radiostasjonen WRKO i desember 1971.[3] Salslister og mottakingSongen vart slakta av kritikarane då han kom, men eit par meinte at det kunne vere ei ironisk innspeling.[4] Songen nådde niandeplassen i Storbritannia.[5] Mange radiostasjonar i USA valde i staden å spele B-sida, «Little Woman Love». Apple Records i USA endra til og med singelomslaget slik at namnet til begge sidene kom fram. Likevel nådde han berre 28. plassen i USA.[6] Songen kom ut på singel 12. mai 1972 i Storbritannia,[7] utsett frå den planlagde datoen 5. mai.[8] Den amerikanske utgåva kom ut 29. mai.[8] Den 25. mai mima bandet til songen på BBC TV sitt Top of the Pops.[8] Over ei veke seinare, den 6. juni, mima bandet igjen til songen. Songen kom ut som bonusspor på den nymastra versjonen av Wild Life i 1993. Kjelder
|